Sørstranda Rundt 2020

Velkomen til Sørstranda Rundt 2020! I år går startskotet den 29. mars!

Påmelding helst på førehand innan søndag 22. mars!

> Klikk her for påmelding! <

…eller bruk skjemaet litt lenger ned↓ på denne sida! 🙂

Det blir som vanleg to konkurranseklasser på 3,3km og 7,5km, samt mosjonsklasse.

  • Dato: 29. mars
  • Frammøte ved Runnevang for påmelding frå kl 13:30.
  • Mosjonsklassa startar kl 14:30
  • Konkurranseklasse 3,3 km 11-16 år, start kl 14:30.
  • Konkurranseklasse over 16 år, start kl 15:00

Deltakaravgift: 30,-
Konkurranseklasse: 100,-/50,-
Mosjonsklasse: 50,-
Familiebillett (mosjonsklasse): 150,-

Vipps-kode: 91180
Kontonummer: 3710.07.05312

Velkomen!

Velkomen til Sørstranda Rundt 2019!

Foto: Firda Tidend

Velkomen til det årvisse vårteiknet; Sørstranda Rundt! I år går startskotet den 7. april!

Visste du at IL Brodd fyller 100 år i år? Det er ein kjempegod grunn til å bli med på årets Sørstranda Rundt enten som deltakar, mosjonist, eller tilskodar. Vi stiller som alltid med eit triveleg familievenleg arrangement med kafé i Runnevang og premieutdeling til slutt!

Påmelding helst på førehand innan søndag 31.mars!

> Klikk her for påmelding! <

…eller bruk skjemaet litt lenger ned↓ på denne sida! 🙂

Det blir som vanleg to konkurranseklasser på 3,3km og 7,5km, samt mosjonsklasse.

  • Dato: 7. april
  • Frammøte ved Runnevang for påmelding frå kl 13:30.
  • Mosjonsklassa startar kl 14:30
  • Konkurranseklasse 3,3 km 11-16 år, start kl 14:30.
  • Konkurranseklasse over 16 år, start kl 15:00

Deltakaravgift: 30,-
Konkurranseklasse: 100,-/50,-
Mosjonsklasse: 50,-
Familiebillett (mosjonsklasse): 150,-

Vipps-kode: 91180
Kontonummer: 3710.07.05312

Velkomen!

Velkomen til Sørstranda Rundt 2018!

Hugs eit av årets sikraste vårteikn; Sørstranda Rundt! Fyrstkomande søndag. For dei som samlar poeng i Brodd-trimmen minner vi samstundes om at deltaking i Sørstranda Rundt, anten i konkurranseklassa eller som trimmar, kvalifiserer til 10 poeng! Endå ein grunn til å bli med på runda rundt bygda!

> Klikk her for påmelding! <

…eller bruk skjemaet litt lenger ned på sida! 🙂

Det blir to konkurranseklasser på 3,3km og 7,5km, samt mosjonsklasse.

Deltakaravgift: 30,-
Konkurranseklasse: 100,-/50,-
Mosjonsklasse: 50,-
Familiebillett (mosjonsklasse): 150,-

Vipps-kode: 91180
Kontonummer: 3710.07.05312

Velkomen!

Sørstranda Rundt 2017

Sørstranda Rundt 2017 blir arrangert laurdag 1.april kl 14:30. Det blir mosjonsklasse for alle, og konkurranseklasse for alle over 11 år. Løpet inngår som ein del av Nordfjordkarusellen. Løypekart finn ein som oppslag ved Runnevang.

Frammøte ved Runnevang frå kl 13:30. Påmelding gjerast i skjemaet under, men det vil også være mogleg med påmelding før løpet.

  • Mosjonsklassa startar kl 14:30
  • Konkurranseklasse 3,3 km 11-16 år, start kl 14:30.
  • Konkurranseklasse over 16 år, start kl 15:00

Startkontigent

  • Konkurranseklasse kr 100,-/50,-
  • Mosjonsklasse kr 50,-
  • Familiebillett kr 150,- (gjeld kun mosjonsklassa)
  • Deltakaravgift kr 30,-

Det blir premiering og kafé i Runnevang.

Fortsett å lese Sørstranda Rundt 2017

Sørstranda Rundt 2016

Sørstranda Rundt 2016 går av stabelen 2. april!

Mosjonsklasse for alle over 12 år.
Konkurranseklasser for alle over 11 år.

Påmelding på førehand sendast til danieldyrnesn@gmail.com innan torsdag kl. 20:00. Oppgi namn/alder/klasse.

Obs! Også påmelding ved frammøte ved Runnevang frå kl. 13:30.

Løypa går inn til Bukta, deretter opp Ingolfbakken til Øvrevegen, tilbake til Skaret og nedatt Heggjedalen. Start kl. 15:00.

Mosjonsklassa går motsatt veg, start kl. 14:30. Konkurranseklasse 3,3km 11-16 år, samme veg som mosjonsklassa, men ned Gimmestadsjøvegen og til Runnevang. Start kl. 14:30.

Konkurranseklassa inngår som eit løp i Nordfjordkarusellen.

Startkontigentar:
Konkurranseklasse: kr. 100,-/50,-
Mosjonsklasse: 50,-
Familiebillett Mosjonsklasse: 150,-
Deltakaravgift: 20,-
Kontonummer for innbetaling: 3710.07.05312

Det blir kafé i Runnevang frå kl. 15:00.

Resultat frå Fjelltrimmen 2015

Fjelltrimmen 2015 viser at det er mange turglade folk på Sørstranda og Hestenesøyra, og at dei legg i veg uansett veir. Både små og store har gått til støyls og til topps i dei flotta fjella våre. I snitt var det 31 registreringar kvar dag gjennom heile sesongen – imponerande!

Samanliknar vi med fjoråret er det ein tilbakegang, men dette synes vi ikkje er så rart om ein tenker på den flotte sommaren vi hadde i 2014 og kor lenge snøven låg langt ned i fjella i år. (Vi beklagar litt feilinformasjon kring dette på Broddmarknaden. Det viste seg at vi då samanlikna med tal frå 2013.) Men med totalt 11191 registreringar har dette vore ein flott tursesong. Takk for turen!

Alle trimpostane har nye bøker på plass, så det er berre å legge i veg på nye turar. Eller kanskje vil du bruke Georeg for å registrere deg denne sesongen? Uansett – god tur! 🙂

Beste helsing Trimgruppa
Ingunn, Wenche, Eva, Håvard og Magnar

Fjelltrimmen 2015

Sørstranda sin eksperimentelle heim på nett

Hopp til verktøylinje