DSC02736 Processed

Velkommen til nye Sjedu.no

Velkommen til ein ny og frisk versjon av Sjedu.no!

I år er det 13 år sidan Sjedu.no blei kjøpt og registrert av Sørstranda Utviklingslag, og 11 år sidan første versjon blei lansert. Vi lanserar no ei ny og moderne løysing som forhåpentligvis vil leve minst like lenge. Vi kallar den «Sjedu.no Beta» inntil vidare — ein ny eksperimentell heim for Sørstranda ute på verdsveven.

Den nye sida er bygd på WordPress, ein anerkjent bloggplattform. Den gjer det mogleg å publisere stoff på ein enklare måte enn før, og i tillegg kan ein enkelt poste direkte frå ein smarttelefon.

I tillegg har vi fått nytt forum, ny aktivitetskalender, og mulighet for å kommentere med ein identitet frå Facebook, Twitter, Google eller WordPress. Det er no også mogleg å registrere seg som eigen brukar. Og som om ikkje det var nok så vil sida bli pryda med bakgrunnsbileter tatt av eminente fotografar frå bygda vår.

Vi vonar at dette fell i smak. Har du tilbakemeldingar eller spørsmål? Skriv i forumet eller ta kontakt direkte med redaksjonen.

future-next-exit

PS! Den gamle sjedusida vil bli tatt godt vare på og vil alltid være tilgjengelig i framtida hvis ein skulle ønskje seg ein nostalgisk reise tilbake i tid.

2 tanker om “Velkommen til nye Sjedu.no”

  1. Så bra Andreas! Veit det er mange som likte «gamle» Sjedu.no – men det gjer seg med ei oppfrisking!!

Legg inn en kommentar