Adventskalender

I år markerer vi søndagane i advent med å gå til støylane på sørstranda. Dette kan alle som vil vere med på – ingen påmelding, men ta med ein vedkubbe og mat/ drikke til deg og dine:)
Søndag 14.12 skal vi til Gimmestadstøylen. Møt ved Tungelibrua kl.11.00.
Klikk på bilde og sjå nokre glimt frå turane til Sandsstøylen og Rausetstøylen.

Les meir: Adventskalender

Lommelykttur og premieutdeling søndag 7. desember kl 17

wEbCz8A[1]

Barnas Turlag i Gloppen og Turbo Fjellrev inviterer til lommelykttur på sørstranda. Vegen (grus/asfalt) er merka med refleksar, så hugs difor å ta med lommelykt!

Lommelyktturen startar og endar ved Runnevang.

Etter lommelyktturen blir det premieutdeling for alle dykk medlemmar som har levert inn Turbotrimkort. Vi håpar det kjem mange barn for å ta imot premiane sine! Kanskje dukkar også Turbo Fjellrev opp?

Dersom det blir snø, hugs akebrett!

Turleiarar:
Gro Pleym Iversen (tlf. 992 84 348) og Hege Marita Svalheim
Takk for nok eit flott turår!
Helsing Christine Aagård Midthjell, Mai
Nyborg, Lene Seime, Roar Bø, Bjarte
Lofnes Hauge, Hege Marita Svalheim og
Gro Pleym Iversen (leiar)

Følg «Barnas Turlag Gloppen» og «Midtre Nordfjord Turlag» på Facebook!

Hugs; foreldra har ansvar for eigne barn på aktivitetane til Barnas Turlag!

Lommelykttur-20141207