Førskulegruppa har arrangert påskefest

I dag har Løvene stått for tilbereding av påskemiddag til alle barna i barnehagen! På menyen stod lammelår med poteter, grønsaker og saus. Alle var med å laga personlege bordkort og pynta med serviettar og bjørkekvist på borda. Responsen var upåklageleg – dette var kjempegodt, og veldig kjekt! Så heldige barna i barnehagen er 🙂

Les meir: Førskulegruppa har arrangert påskefest