Kurs i personalet

Denne veka har personalet vore på kurs med forelesarar frå Statped. Tysdag var Solsikke- personalet på kurs og lærte meir om god språkstimulering i barnehagen. Tema var retta mot tilrettelegging og tidleg innsats. Torsdag var Blåklokke – personalet på kurs i Karlstadmodellen. Dette er ein todelt modell som vektlegg verdigrunnlag og menneskesyn på den eine sida og språktrening på den andre. Det har vore ei lærerik og motiverande veke 🙂

Les meir: Kurs i personalet

Sommarfest onsdag 3.juni 2015

Tru det eller ei det er sommar! I kveld brakar det laust med sommarfest i Runnevang. Kl. 17. Barna på Solsikka skal starte festen med program frå scena. Fint om kvar familie tek med noko å bite i, det blir korgfest. Barnehagen står for kaffimat, kaffi, saft og bestikk og tallerkar. Det blir og ein ekstra oppmerksomhet til løvane! Løvane kan invitere med seg besteforeldrer! Håper på ein trivelig kveld!!

Les meir: Sommarfest onsdag 3.juni 2015