Resultat frå Fjelltrimmen 2015

Fjelltrimmen 2015 viser at det er mange turglade folk på Sørstranda og Hestenesøyra, og at dei legg i veg uansett veir. Både små og store har gått til støyls og til topps i dei flotta fjella våre. I snitt var det 31 registreringar kvar dag gjennom heile sesongen – imponerande!

Samanliknar vi med fjoråret er det ein tilbakegang, men dette synes vi ikkje er så rart om ein tenker på den flotte sommaren vi hadde i 2014 og kor lenge snøven låg langt ned i fjella i år. (Vi beklagar litt feilinformasjon kring dette på Broddmarknaden. Det viste seg at vi då samanlikna med tal frå 2013.) Men med totalt 11191 registreringar har dette vore ein flott tursesong. Takk for turen!

Alle trimpostane har nye bøker på plass, så det er berre å legge i veg på nye turar. Eller kanskje vil du bruke Georeg for å registrere deg denne sesongen? Uansett – god tur! 🙂

Beste helsing Trimgruppa
Ingunn, Wenche, Eva, Håvard og Magnar

Fjelltrimmen 2015

Legg inn en kommentar