Alle innlegg av Andreas Ravnestad

Sørstranda Rundt 2017

Sørstranda Rundt 2017 blir arrangert laurdag 1.april kl 14:30. Det blir mosjonsklasse for alle, og konkurranseklasse for alle over 11 år. Løpet inngår som ein del av Nordfjordkarusellen. Løypekart finn ein som oppslag ved Runnevang.

Frammøte ved Runnevang frå kl 13:30. Påmelding gjerast i skjemaet under, men det vil også være mogleg med påmelding før løpet.

  • Mosjonsklassa startar kl 14:30
  • Konkurranseklasse 3,3 km 11-16 år, start kl 14:30.
  • Konkurranseklasse over 16 år, start kl 15:00

Startkontigent

  • Konkurranseklasse kr 100,-/50,-
  • Mosjonsklasse kr 50,-
  • Familiebillett kr 150,- (gjeld kun mosjonsklassa)
  • Deltakaravgift kr 30,-

Det blir premiering og kafé i Runnevang.

Fortsett å lese Sørstranda Rundt 2017

Sørstranda Rundt 2016

Sørstranda Rundt 2016 går av stabelen 2. april!

Mosjonsklasse for alle over 12 år.
Konkurranseklasser for alle over 11 år.

Påmelding på førehand sendast til danieldyrnesn@gmail.com innan torsdag kl. 20:00. Oppgi namn/alder/klasse.

Obs! Også påmelding ved frammøte ved Runnevang frå kl. 13:30.

Løypa går inn til Bukta, deretter opp Ingolfbakken til Øvrevegen, tilbake til Skaret og nedatt Heggjedalen. Start kl. 15:00.

Mosjonsklassa går motsatt veg, start kl. 14:30. Konkurranseklasse 3,3km 11-16 år, samme veg som mosjonsklassa, men ned Gimmestadsjøvegen og til Runnevang. Start kl. 14:30.

Konkurranseklassa inngår som eit løp i Nordfjordkarusellen.

Startkontigentar:
Konkurranseklasse: kr. 100,-/50,-
Mosjonsklasse: 50,-
Familiebillett Mosjonsklasse: 150,-
Deltakaravgift: 20,-
Kontonummer for innbetaling: 3710.07.05312

Det blir kafé i Runnevang frå kl. 15:00.

Resultat frå Fjelltrimmen 2015

Fjelltrimmen 2015 viser at det er mange turglade folk på Sørstranda og Hestenesøyra, og at dei legg i veg uansett veir. Både små og store har gått til støyls og til topps i dei flotta fjella våre. I snitt var det 31 registreringar kvar dag gjennom heile sesongen – imponerande!

Samanliknar vi med fjoråret er det ein tilbakegang, men dette synes vi ikkje er så rart om ein tenker på den flotte sommaren vi hadde i 2014 og kor lenge snøven låg langt ned i fjella i år. (Vi beklagar litt feilinformasjon kring dette på Broddmarknaden. Det viste seg at vi då samanlikna med tal frå 2013.) Men med totalt 11191 registreringar har dette vore ein flott tursesong. Takk for turen!

Alle trimpostane har nye bøker på plass, så det er berre å legge i veg på nye turar. Eller kanskje vil du bruke Georeg for å registrere deg denne sesongen? Uansett – god tur! 🙂

Beste helsing Trimgruppa
Ingunn, Wenche, Eva, Håvard og Magnar

Fjelltrimmen 2015

Kurs i personalet

Denne veka har personalet vore på kurs med forelesarar frå Statped. Tysdag var Solsikke- personalet på kurs og lærte meir om god språkstimulering i barnehagen. Tema var retta mot tilrettelegging og tidleg innsats. Torsdag var Blåklokke – personalet på kurs i Karlstadmodellen. Dette er ein todelt modell som vektlegg verdigrunnlag og menneskesyn på den eine sida og språktrening på den andre. Det har vore ei lærerik og motiverande veke 🙂

Les meir: Kurs i personalet

Sommarfest onsdag 3.juni 2015

Tru det eller ei det er sommar! I kveld brakar det laust med sommarfest i Runnevang. Kl. 17. Barna på Solsikka skal starte festen med program frå scena. Fint om kvar familie tek med noko å bite i, det blir korgfest. Barnehagen står for kaffimat, kaffi, saft og bestikk og tallerkar. Det blir og ein ekstra oppmerksomhet til løvane! Løvane kan invitere med seg besteforeldrer! Håper på ein trivelig kveld!!

Les meir: Sommarfest onsdag 3.juni 2015

Resultat frå Sørstranda Rundt 2015

3,3KM

J 12 år:
1.pl. Anna Fjellestad ( fj/v)15,22 min
2.pl.Julie Kristin Skjerdal (IL Brodd) 16,10 min

J 13 år:
1.pl. Jasmijn Koopmans (IL Brodd) 14,58 min

J 14 år:
1.pl. Oda Lothe (IL Brodd) 15,22 min

G 11 år:
1.pl. Mathias Rauset ( STIL) 13,32 min
2.pl. Jelle Koopmans (IL Brodd) 13,52 mi
3.pl. Sindre Fjellestad (Fj/v) 15,53 min

G 12 år:
1.pl. Sander Skogli (IL Brodd) 13,32 min
2.pl. Jon Kristoffer Hestad Navelsaker (Jølster IL) 13,47 min
3.pl. Mathias Lothe (IL Brodd) 14,28 min

G 14 år:
1.pl. Jakob Stavang (Oppegard IL) 12,20 min

G 15:
1.pl. Aron Skogli (IL Brodd) 12,30 min
2.pl. Marcus Frøyset (STIL)13,27 min
3.pl. Marcus Damli (STIL) 14,54 min
4.pl. Erik Koopmans (IL Brodd)16,30 min

Konkurranseklasse 7,5 km

K. 40-44 år:
1.pl. Trude Eimhjellen (STIL) 34,33min
K. 50-54 år:
1.pl. Solveig Moritsgård (IL.Brodd) 42,21 min

M.17-18 år:
1.pl. Andreas Rauset (STIL) 28,47min
2.pl. Hans Kristian Arnestad 29,52 min
3.pl. Sindre Flatjord (IL Brodd) 30,39 min

M.21-34 år:
1.pl. Eivind Øygard (Jølster IL) 24,03 min
2.pl. Knut Olav Øygard (Jølster IL) 27,06 min
3.pl.Anders Gimmestad Gule (Vind IL) 30,14 min

M.35-39 år:
1.pl. Hilmar Kråkenes (Almenningen IL) 28,52 min
2.pl. Hans Jakob Walnum (Tastaturlaget) 31,34 min.

M.40-44 år:
1.pl. Gisle Skjølberg (Bremanger IL) 30.02 min
2.pl.Edvard Fjellestad ( Fj/v) 30,34 min
3.pl. Jan Erik Roset (Gfil) 32,43 min
4.pl. Lars Otto Alme (Fj/v) 33,12 min
5.pl. Marcus Vedeler (Eid IL) 33,57 min
6.pl. Inge Visnes (Almenning IL) 35,55 min

M.45-49 år:
1.pl.Helge Hafsås (Olden IL) 27,38 min
2.pl. Eivind Rauset (GFIL) 31,14 min
3.pl. Øystein Hellerud (IL Brodd) 40,28 min

M.50-54 år:
1.pl. Odd Arne Kolseth (GFIL) 29,32 min
2.pl. Henry Hammersland (GFIL) 29,53 min

M.60-64 år:
1.pl. Kjell Navelsaker (Jølster IL) 32,37 min
2.pl. Inge Asbjørn Haugen (Horningdal IL) 35,57 min

M.65-69 år:
1.pl. Dagfinn Nyhammer (GFIL) 31,59 min
2.pl. Lars Ulvestad (GFIL) 41,03 min
3.pl. Olav Lyslo (GFIL) 42,24 min

M.70-74 år:
1.pl. Magne Tystad (GFIL) 34,49 min (ny løyperekord for denne årsklassa)

Dei som deltok på mosjonsløpa

Emma Lothe, Andrea Lothe, Hilde Mellingen, Thea Rygg, Selma Rygg, Bjarne Rygg, Emilie Engelbrektson, Emily Wilke,Nora Eide,Kristina Eide,Gulisara Panyarat, Ester Helene Skogli, Vilte Cepukeniene, Petter Olav Rygg, Hege Alme, Reidun Solberg Seim, Liv Randi Teige, Mari Frøyen Rygg, Laila Fossheim, Liv Henny Frøyen, Håvard Sandal, Marita Frøyen, Brita Sandal, Lars Endre Gimmestad, Sunniva Gimmestad, Ludvig Gimmestad, Mathea Gimmestad, Janne Gimmestad, Vidar Rygg.

Trude Elin Eimhjellen, Lars Otto Alme og Jan Erik Roset etter løpet. Ser uforskamme spreke ut alle tre etter 7,5 km. Foto: Dagfinn Nyhammer.
Trude Elin Eimhjellen, Lars Otto Alme og Jan Erik Roset etter løpet. Ser uforskamme spreke ut alle tre etter 7,5 km. Foto: Dagfinn Nyhammer.
Etter løpet gjekk praten livleg over kaffi og kaker, til alle hadde fått premiane sine. Foto: Dagfinn Nyhammer.
Etter løpet gjekk praten livleg over kaffi og kaker, til alle hadde fått premiane sine. Foto: Dagfinn Nyhammer.

Ledig stilling som barnehagelærar og assistent

Barnehagelærar 50% og assistent 50%
frå august 2015 – 30.juni 2016. Det er mogleg med tidlegare tilsetjing for barnehagelærar. Stillingane kan kombinerast.

Søkjar må har norsk som morsmål, sidan stillinga er nært knytta til språkstimulering. Det er ein fordel om søkjar har spes.ped kompetanse, evt anna relevant utdanning. Til begge stillingane vil vi òg vektlegge gode samarbeidsevner og personlege eigenskapar.
Løn etter PBL sin tariff.

Spørsmål kan rettast til styrar Pernille Holmøy, tlf 578 67 730/ 97 75 24 27
Søknad sendast Rygg barnehage, Rygg, 6823 Sandane,
evt. post@ryggbarnehage.no

Søknadsfrist: 15. april

Les meir: Ledig stilling som barnehagelærar og assistent