Kategoriarkiv: Rygg Barnehage

bgtop1390995358[1]

Rygg barnehage er ein privat barnehage, eigd av Sørstranda Indremisjon og driven av eit styre for barnehagen. Barnehagen er godkjend for 27 plassar for born i alderen 0-6 år. Barnehagen er inndelt i to avdelingar; Solsikka for born i alderen 3-6 år (18 plassar), og Blåklokka for 0-3-åringar (9 plassar).

Rygg Barnehage har ei eiga nettside som du finn her: http://www.ryggbarnehage.no/

Kurs i personalet

Denne veka har personalet vore på kurs med forelesarar frå Statped. Tysdag var Solsikke- personalet på kurs og lærte meir om god språkstimulering i barnehagen. Tema var retta mot tilrettelegging og tidleg innsats. Torsdag var Blåklokke – personalet på kurs i Karlstadmodellen. Dette er ein todelt modell som vektlegg verdigrunnlag og menneskesyn på den eine sida og språktrening på den andre. Det har vore ei lærerik og motiverande veke 🙂

Les meir: Kurs i personalet

Sommarfest onsdag 3.juni 2015

Tru det eller ei det er sommar! I kveld brakar det laust med sommarfest i Runnevang. Kl. 17. Barna på Solsikka skal starte festen med program frå scena. Fint om kvar familie tek med noko å bite i, det blir korgfest. Barnehagen står for kaffimat, kaffi, saft og bestikk og tallerkar. Det blir og ein ekstra oppmerksomhet til løvane! Løvane kan invitere med seg besteforeldrer! Håper på ein trivelig kveld!!

Les meir: Sommarfest onsdag 3.juni 2015

Ledig stilling som barnehagelærar og assistent

Barnehagelærar 50% og assistent 50%
frå august 2015 – 30.juni 2016. Det er mogleg med tidlegare tilsetjing for barnehagelærar. Stillingane kan kombinerast.

Søkjar må har norsk som morsmål, sidan stillinga er nært knytta til språkstimulering. Det er ein fordel om søkjar har spes.ped kompetanse, evt anna relevant utdanning. Til begge stillingane vil vi òg vektlegge gode samarbeidsevner og personlege eigenskapar.
Løn etter PBL sin tariff.

Spørsmål kan rettast til styrar Pernille Holmøy, tlf 578 67 730/ 97 75 24 27
Søknad sendast Rygg barnehage, Rygg, 6823 Sandane,
evt. post@ryggbarnehage.no

Søknadsfrist: 15. april

Les meir: Ledig stilling som barnehagelærar og assistent

Skidag på Utvikfjellet

Vi har hatt ein fantastisk flott dag på Utvikfjellet! Borna har gått på ski, vore i akebakken og kosa seg med god mat rundt bålet. Alle var gode og raude i kjakane etter ein heil dag i friluft:) Då vi ikkje fekk markert barnehagedagen skikkeleg sist tysdag, var det fint å kunne gjere det på denne måten. Tema for barnehagedagen i år var nemleg: VI VIL UT!

Les meir: Skidag på Utvikfjellet

VELKOMEN SOM SØKJAR TIL RYGG BARNEHAGE

Opptak 2015/16:

Vi minner om søknadsfristen for hovudopptaket 1. mars 2015.

Nytt barnehageår tek til 17. august 2015. Gloppen kommune har eit samordna opptak og du søkjer barnehageplass ved å nytte deg av deira elektroniske skjema (sjå heimesida til Gloppen kommune).

Vi i Rygg barnehage har ledige plassar frå hausten. Ta gjerne kontakt for å kome på besøk i barnehagen eller for å få meir informasjon.

Har du allereie barnehageplass, men ynskjer å byte barnehage, eller endre prosent, må du søkje om dette før 20. februar. Det er eit eige valg for dette i det elektroniske søknadskjemaet.

Les meir: VELKOMEN SOM SØKJAR TIL RYGG BARNEHAGE

RIKTIG GODT NYTT ÅR!!

VI KAN NOTERE 2015. VI FRÅ RYGG BARNEHAGE HÅPER DE ALLE FÅR EIT GODT OG INNHALDSRIKT NYTT ÅR!! FRILUFTSLIVETS ÅR MARKERAST I 2015. MÅLET ER Å BIDRA TIL VARIG AUKA DELTAKELSE I FRILUFTSLIV OG FOR Å GJE OPPMERKSOMHET OM FRILUFTLIVET. I DAG BLIR DET FLEIRE MARKERINGAR RUNDT OM I LANDET FOR Å FEIRE ÅPNINGA AV FRILUFTSLIVETSÅR. VI KJEM TIL Å FEIRE DET PÅ VÅR MÅTE MED Å GÅ TUR I NÆRMILJØET OG TENNE BÅL I BARNEHAGEN. UTE ER DET VÅTT, LITT VIND OG GLATT, MEN DET HINDRAR IKKJE DINNA TØFFE GJENGEN HER!!

Les meir: RIKTIG GODT NYTT ÅR!!