Kategoriarkiv: Rygg Barnehage

bgtop1390995358[1]

Rygg barnehage er ein privat barnehage, eigd av Sørstranda Indremisjon og driven av eit styre for barnehagen. Barnehagen er godkjend for 27 plassar for born i alderen 0-6 år. Barnehagen er inndelt i to avdelingar; Solsikka for born i alderen 3-6 år (18 plassar), og Blåklokka for 0-3-åringar (9 plassar).

Rygg Barnehage har ei eiga nettside som du finn her: http://www.ryggbarnehage.no/

Adventskalender

I år markerer vi søndagane i advent med å gå til støylane på sørstranda. Dette kan alle som vil vere med på – ingen påmelding, men ta med ein vedkubbe og mat/ drikke til deg og dine:)
Søndag 14.12 skal vi til Gimmestadstøylen. Møt ved Tungelibrua kl.11.00.
Klikk på bilde og sjå nokre glimt frå turane til Sandsstøylen og Rausetstøylen.

Les meir: Adventskalender

Hjortekurs i gapahuken

I dag var vi så heldig at ein pappa frå barnehagen lærte oss litt om hjort og jaktreglar ved Gapahuken vår. Han hadde tatt med, og viste oss nokre gevir og utstoppa dyr (rev og hjort). Han hadde og med seg ein ettersøkshund. Den blir brukt til å finne hjortar som er blitt påkjørd eller skadd under jakt. Ungane var engasjerte og nyskjerrige på temaet. Tusen takk for eit flott opplegg!! Etter ei lita matpause, gjekk ei gruppe barn ned i fjøsen til O.K.Gimmestad. Der fekk ungane vere med å stelle dyra. Kalvane fekk melk og gras. Det er alltid like kjekt å kome ned i fjøsen hans. Turen tilbake til Rygg barnehage gjekk gjennom bønen til Rabbane og Bærane. Vi følgde ei hjorterås! Nede i Sjøa fekk vi sjå alle dei flotte hestane som gjekk ute og kosa seg! Vi opplever så mykje kjekt i vår barnehagekvardag. Takk for nærmiljøet som legg alt til rette for at vi kan drive ein så flott og opplevelsesrik barnehage!!

Les meir: Rygg Barnehage: Solsikka