Kategoriarkiv: Sudstrands Ungdomslag

Sudstrands Ungdomslag er eit lag med lange tradisjonar i bygda. Laget vart stifta alt i 1892 og 100 – års jubileet vart feira i 1992, ei heil veke til ende. Laget har halde hus fleire stader i bygda. Det starta i ei stove på Rauset, og dei har gått vegen om skulehuset og bedehuset, til Runnevang stod ferdig i 1927.

Opp gjennom tida har laget virka som eit samlingspunkt for dei unge på Sørstranda. Det har fungert som debattforum, dei har hatt møteverksemd og tilstellingar av ulike slag. Ikkje minst har laget markert seg med mange revyar og skodespel opp gjennom åra. Lokale stjerner har fått utfalde seg på scena, til sambygdingar si store glede!

Dei siste 10-15 åra har aktiviteten i laget variert. I 2002 starta laget opp att etter å ha vore ute av drift i nokre år. Vi håper at ungdomslaget framleis kan vere eit samlingspunkt, for både små og store, og at vi i fellesskap kan halde liv i sosiale samkome som har lange tradisjonar i bygda.