Kategoriarkiv: Ymse

Her vil du finne nyheiter og artiklar som ikkje nødvendigvis har nokon samanheng med lag og/eller organisasjonar på Sørstranda, men som likevel kan være interessant for sørstrendingar. Har du eit tips? Send ein epost til andreas.ravnestad@gmail.com.

Lommelykttur og premieutdeling søndag 7. desember kl 17

wEbCz8A[1]

Barnas Turlag i Gloppen og Turbo Fjellrev inviterer til lommelykttur på sørstranda. Vegen (grus/asfalt) er merka med refleksar, så hugs difor å ta med lommelykt!

Lommelyktturen startar og endar ved Runnevang.

Etter lommelyktturen blir det premieutdeling for alle dykk medlemmar som har levert inn Turbotrimkort. Vi håpar det kjem mange barn for å ta imot premiane sine! Kanskje dukkar også Turbo Fjellrev opp?

Dersom det blir snø, hugs akebrett!

Turleiarar:
Gro Pleym Iversen (tlf. 992 84 348) og Hege Marita Svalheim
Takk for nok eit flott turår!
Helsing Christine Aagård Midthjell, Mai
Nyborg, Lene Seime, Roar Bø, Bjarte
Lofnes Hauge, Hege Marita Svalheim og
Gro Pleym Iversen (leiar)

Følg «Barnas Turlag Gloppen» og «Midtre Nordfjord Turlag» på Facebook!

Hugs; foreldra har ansvar for eigne barn på aktivitetane til Barnas Turlag!

Lommelykttur-20141207

Firda Tidend med ny nettside

Foto: Firda Tidend. Fotomontasje: Sjedu.no/Andreas Ravnestad
Foto: Firda Tidend. Fotomontasje: Sjedu.no/Andreas Ravnestad

Firda Tidend lanserte måndag ein ny og frisk versjon av nettsida si. Løysinga er basert på WordPress, ei publiseringsløysing som også blir brukt her på Sjedu.no. Redaktør Bjørn Grov antydar ein større innsats på web i tida framover:

– Vi kjem til å satse meir på nettsida no enn tidlegare og oppgradere henne oftare enn før. Likevel kan vi ikkje sjå vekk frå det faktum at det framleis er papirutgåva som syter for det aller meste av inntektene våre. Dei som ønskjer å lese dei unike lokale sakene, må lese papiravisa. Desse sakene kjem vi berre til å gje korte smakebitar frå på nettet. Noko som er heilt nytt, er at vi på nettsida kjem til å presentere glimt frå saker ute i den store verda

Bjørn Grov poengterar også at dei ikkje har planar om å sette opp betalingsvegg i nær framtid, og at unikt lokalt stoff framleis vil være eksklusivt for papiravisa, med korte smakebitar tilgjengelig på nett.

Sjedu.no gratulerar og ønskjer Firda Tidend velkommen inn i framtida!

Velkommen til nye Sjedu.no

Velkommen til ein ny og frisk versjon av Sjedu.no!

I år er det 13 år sidan Sjedu.no blei kjøpt og registrert av Sørstranda Utviklingslag, og 11 år sidan første versjon blei lansert. Vi lanserar no ei ny og moderne løysing som forhåpentligvis vil leve minst like lenge. Vi kallar den «Sjedu.no Beta» inntil vidare — ein ny eksperimentell heim for Sørstranda ute på verdsveven.

Fortsett å lese Velkommen til nye Sjedu.no