Sjå denne fantastiske videoen av skikøyring i Sørstrandsfjella. Filma av Jon Andreas Kornberg.
Velkommen til nye Sjedu.no
Velkommen til ein ny og frisk versjon av Sjedu.no!
I år er det 13 år sidan Sjedu.no blei kjøpt og registrert av Sørstranda Utviklingslag, og 11 år sidan første versjon blei lansert. Vi lanserar no ei ny og moderne løysing som forhåpentligvis vil leve minst like lenge. Vi kallar den «Sjedu.no Beta» inntil vidare — ein ny eksperimentell heim for Sørstranda ute på verdsveven.
Vårdugnad på Loggane
Minner om den årlege vårdugnaden på Loggane, fyrstkomande laurdag kl. 10:00. Sjå siste Broddnytt. Veldig bra om bygdafolket stiller opp til ein liten innsats for å shine idrettsbana vår. Det vil i løpet av våren og sommaren foregå mykje på Loggane. Her vil kome mange gjestande friidrettsutøvarar og fotballag. Det er då bra om vi kan vise fram ein liten lokal stadion som syner at verte brukt, pleia og stelt sjølv om her berre er «gammaldags» grus som dekke…
Opprinnelig publisert av Bjarne Rygg.
Dugnad varetelling Rimi
Sist søndag, like etter ein spennnande fight i guteklassa på Breimstafetten, hadde vi dugnad med varetelling på Rimi. Her stilte 12 vaksne og 5 barn frå ulike grupper i Brodd. Med så god hjelp var jobben både enkel og kjekk, og i løpet av 3 timar var heile butikken telt! Enkelt og greitt. Og ein god slant vert betalt til Brodd-kassa. Vi takkar alle dei som deltok, både store og halvstore.
Opprinnelig publisert av Bjarne Rygg.
Broddnytt April 2014
Årsmelding, reknskap og innkalling til årsmøte i A/L Runnevang
A/L Runnevang skal ha årsmøte 4. mai kl 20:00. Her er sakslista:
- Godkjenning av innkalling og sakliste.
- Val av ordstyrar og to til å skrive under møteboka.
- Val av referent.
- Årsmelding for 2013.
- Rekneskap 2013
- Budsjett 2014
- Ymse
- Val
Saksdokument: